Om Abundance of Light teknikken fra Alyssa Mary Rose.




Før vi starter må eg forklare hennar ord for Gud, kilden, skaparen. Ho refererer til denne krafta som Lysvesen – Light Beings – men ønsker at du brukar det navnet som passer best for korleis du tenker på denne skapande krafta.

I 2003 blei livet hennar radikalt endra då ho blei gitt ein kraftfull healing teknikk av vesen ho følte var englar og åndelige vegleiera. Desse kallar ho for Lysvesen. Teknikken ho blei gitt kalla ho ” The Abundance of Light technique” som på norsk betyr overflod av lys teknikken.

Der er forskjellige måtar å ta imot beskjedar frå lysvesen på og for det meste fekk Alyssa det gjennom tankane. Klarsynet hennes var på denne tida ikkje særleg godt utvikla og mange mennesker er faktisk i samme situasjon. Uten å vite det får dei mange beskjedar frå sine åndelige vegleiera og lysvesen, men fordi dei ikkje ”ser” noko spesielt trur dei at dei ikkje har nokon form for åndeleg kontakt.

Abundance of Light teknikken tok det enkle åndelige redskapet av å kutte negative band– cord cutting - å gjorde det til eit kraftfullt redskap for å helbrede karma. Kutting av band høyres gjerne voldsomt ut, men alt det betyr er å avslutte forbindelsar som har vore negative i livet ditt som t.d. negative tankar du har hatt om noko eller nokon som har ført til smerter og lidelse. Alle forbindelsane fylt av kjærleik vil aldri bli endra av denne teknikken. Kjærleiken vert berre forsterka av at det vert fjerna.

Forbindelsar / band til negative hendingar kan føre til smerter og sjukdom i liva våre. Det kan vere eit familiemedlems død, ei ulykke, seperasjon – ja kva som helst eigentleg. Til og med ei gledeleg hending kan av og til vere full av stress. Kutting av band endrar ikkje desse hendingane, men det endrar korleis folk ser på hendingane, og den kunnskapen kan føre til healing. Denne teknikken helbreder ikkje berre deg men alle som er involvert uten at du treng å be om det. Dei andre godtek helaling på eit høgare ubevisst plan og alle vesen godtek ei viss grad av healing av smerter.

Denne teknikken blei utvikla på ein kompleks måte ved å gruppere mange like forbindelsar/band/hendingar til noko som vert kalle MACROAR. Til dømes alle forbindelsar og opplevingar som har med krig å gjere vart grupperte i ein macro som vart kalle krig makro (war macro). Når ein så ber om å kutte alle band til krig makroen, vil alle minnene og negative band til all krig bli helbreda. ( Så mykje som kan bli helbreda i løpet an ein dag. Vi har ei grense på kor mykje kan bli helbreda over kort tid.) Mange vil sei at eg har aldri vore i ein krig så eg treng ikkje kutte med den makroen, men vi har alle sett krig på TV og har sloss med andre på skulen eller har / har hatt slektningar som har vore i krig o.s.v. Makroen helbredar alle sider av krig og slossing.

Du treng ikkje å bekymre deg om kompleksiteten i denne teknikken. I eit heilt år ga Alyssa healing til alle som ringte til henne og laga ei web side så flest mulig kunne nå henne og få healing ved denne teknikken ho hadde blitt gitt. Dette har styrka Abundance of Light tenkikken til det punktet at du ikkje treng å ramse opp lange bøner. Det er nok å sei navnet på macroen. Uansett om du er kristen, jøde eller hindu kan du bruke denne teknikken. Dersom du ikkje trur på Gud men trur på kjærleik, kan du sende bøna til krafta av kjærleik. Kva smerter du måtte ha, fysisk eller psykisk, vil denne enkle bøna dekke alt:

” Lysvesen vær så snill a kutt banda til **********og alt / alle som er involvert i denne situasjonen. Tusen takk, og la all frigjort energi kome tilbake til kjærleik.”

****** kan vere alt frå smerteri magen, kreft, død, gjeld eller noko så enkelt som å ikkje få sove.

Du lurer gjerne på korleis noko så enkelt kan virke, men ærleg talt, ofte er det det enklaste som er det beste. Ein av dei enklaste og sterkaste afirmasjonane eg veit er den mest kraftfulle:

KJÆRLEIK ER DET EINASTE VIRKELEGE, ALT EG FØLER ER KJÆRLEIK.